FISKEVÆR OG GJESTGIVERI I ELDRE TID
På Gåsvær har det vore fastbuande frå omlag 1750. Før den tid, i mellomalderen, har øya tilhøyrt Munkeliv kloster.
Selspekk, dun, oterskinn og gås ( derav namnet Gåsvær ) var noko av det dei haust på den tida.
I 1757 var her bygd opp ”bekveme huse”, truleg av ein familie frå Bergen, som hadde fått
handelsprivilegium. Det eldste huset som står her i dag er truleg frå den tid, eller eldre. Det har vore
flytta hit og bygd opp på nytt.
Den bergenske kjøpmannen Lexau dreiv handel og gjestgiveri med skjenkestove her frå 1760 (han
eigde òg øyane Utvær og Husøy). Når ein dreiv gjestgiveri, var det pålagt å selje øl og brennevin til folket. Ølet måtte dei brygge sjølve, medan brennevin var handelsstaden Bergen sin
rettigheit. Frå den tid har vi berre att navnet på staden der stova stod-”skjenkestaumyra”.
Mange gjestgiveri blei lagt ned rundt 1840 då ei ny lov ga vanlege folk
lov til å starte opp med handel, dersom dei fann det tenleg. Øyane vart mindre attraktive for handel og derfor selde til private. Familien til noverande eigarar kom til Gåsvær i 1830.
Eigedomen vart sett på som verdfull i eldre tid. Det første laksefisket starta opp i slutten
av 1880-åra. I det året den store sjøbua her vart bygd (1904), blei det fiska 6000 kg laks.
Kiloprisen var på 2 kr. Det var rekna for hovudfisket på den tid.
Hummerfiske var òg ei av hovudinntektene i eldre tid. Den blei eksportert til England.
Gåsvær var eit av dei rikaste dunværa i fylket. På dei Heibergske Samlingar i Sogn kan du finna ei
”dunharpe”- ein reidskap for dunrensing som kjem frå Gåsvær.
På garden hadde dei på det meste 7 kyr og i tillegg sauer, gris, høns og hest. Smør var mest verdfullt å
produsere,og blei selt til Bergen.
Ein del av det gamle bustadhuset på garden er bygd opp rundt kahytta frå ei seglskute, som stranda
her på 1800-talet. Der kan vi innvendig sjå dei tjukke, bogne takbjelkane og spesielle taklister.
Alle dei gamle husa er bygde samla nede ved sjøen, og utgjer eit unikt sjøhusmiljø. Mange
gamle ting og redskaper er tekne vare på og du kan sjå dei på Gåsvær.
GÅSVÆR IN THE PAST
The island has been populated since 1750, before that it belonged to a monastery in Bergen.
Produkts from the island they used in earlyer times were, seal blubber, eider down, otter skin and
goose, which has given the island its name.
A wealthy storekeeper from Bergen, with the name Lexau, lived here from 1760. He was running a
guesthouse and did trading towards the sailing-ships.
The island was sold in 1830, to the family who`s relatives still own the island.
Catching lobster and salmon gave important income around 1900. The year 1904 they catched 6000 kg of
salmon, and got 2 NOK each kg. The lobster was exsported to England.
On the farm they had 7 cows, some sheeps, pigs, hens and a horse. Making butter of the milk
gave the best sourse of income, and the butter was sold to Bergen.
A part of the old living-house has been builded up from a cabin of a sailing-ship.
The wrecked ship was found outside Gåsvær sometime around year 1800.